Hvor vil du lagre dine forskningsdata

Kvar bør eg lagre mine forskingsdata?

  • Er mine data < 10 GB og ikkje sensitive?

    • USN Research Data Archive er eit godt alternativ.

  • Har eg data som krev mykje lagringsplass?

    • NIRD er eit godt alternativ.

  • Har eg sensitive data der eg må klarert kva, om noko, som kan gjerast opent tilgjengeleg?

    • USN RDA kan vere eit alternativ, men det beste er nok å kontakte NSD (Norsk senter for forskingsdata) for å arkivere data der.

Dette er nokre forslag. Vidare kan du lese meir om desse og korleis finne fram til andre alternativ.

 

USN Research Data Archive

USN Research Data Archive er HSN sitt forskingsdataarkiv, og er levert av Figshare. Forskarar ved HSN får i utgangspunkt tildelt 1 GB lagringsplass til eige bruk, men det er mogleg å søke om meir. Les meir om tekniske moglegheiter og korleis ein brukar USN Research Data Archive på informasjonssidene (lenke).

NIRD

NIRD blir drifta av UNINETT Sigma2. Dette er eit godt alternativ for forskingsområder som treng stor data- og lagringskapasitet. NIRD tilbyr lagring av data undervegs forskingsprosjektet, men har også eit arkiv for opne forskingsdata etter fullført prosjekt.

Storage of scientific project data

For å få tilgang til denne tenesta må ein søke i førekant. Søknadar blir vanlegvis gjennomgått to gongar i året og «Call for proposals» blir normalt publisert på UNINETT-heimesidene i januar og juli. Sjå UNINETT for meir informasjon.

Research Data Archive 

Arkivet for å publisere forskingsdata frå offentleg finansierte forsking. Tilgjengeleg for forskarar og studentar ved norske universitet og høgskular. Sjå UNINETT sine sider for meir informasjon, blant anna krav til datasetta og brukarmanualar. Sjølve arkivet blir kalla NorStore. Sjå også NorStore sin eigen FAQ.

NSD (Norsk senter for forskningsdata) 

NSD kan også hjelpe med spørsmål knytt til eigne forskingsdata. Forskaren lastar opp data og får så tilsendt ein arkiveringsavtale. Når denne er signert og sendt tilbake til NSD vil datasettet bli klargjort og metadata vi bli publisert med eller utan datafilene, alt etter kva som er mogleg. Søk i publiserte datasett hos NSD.

NSD driftar også prosjektet NORDi (Norwegian Open Research Data Infrastructure, 2016-2021). Prosjektet har finansiell støtte frå Norges Forskningsråd, og målet er å etablere ein ny e-infrakstruktur for forskingsdata (deponering, administrering og tilgjengeleggjering av forskingsdata). NSD har produsert eit kort og konsist informasjonsark.

Internasjonale databasar

Det er alt fleire etablerte, internasjonale databasar, der ein kan finne og lagre forskingsdata. Blant desse finst det basar som er opne for alle fagområder, og dei som er meir spesifikke. Nedanfor er eit eksempel på begge.

PANGAEA – Stor base for forskingsdata innan «Earth & Environmental Sciences». Alle forskarar innan desse felta kan publisere sine data her.

Zenodo – Tverrfagleg, internasjonal database. Tek i mot forskingsdata frå heile verda og alle disiplinar. Mogleg å lage arbeidsgrupper osb.. Inneheld også forskingspublikasjonar. Teknisk informasjon: http://about.zenodo.org/policies/

Metadatabaser

Mange forskingsdatarkiv lar sine metadata bli hausta av reine metadataarkiv. Slike arkiv kan vere nyttige, både for å finne konkrete forskingsdata, men også for å identifisere interessante arkiv innan forskjellige fagområde.

Re3Data – Stort metaregister over ulike forskingsdataarkiv, det er mellom anna mogleg å søke etter arkiv ut i frå land og forskingsområde. Samlar metadata om alt frå store internasjonale arkiv, til mindre institusjonelle arkiv.

DataCite – Haustar metadata om forskingsdata frå internasjonale arkiv, inkludert Figshare.

OpenAire – haustar metadata om forskingspublikasjonar og forskingsdata frå fleire ulike arkiv.

[evt faktaboks]