• Kursoversikt»
  • Litteraturuka i Vestfold: Om å dokumentere rasisme essayistisk

Litteraturuka i Vestfold: Om å dokumentere rasisme essayistisk

Fotograf: Maria Gossé

Litteraturuka i Vestfold i samarbeid med Masterstudiet i faglitterær skriving og Universitetsbiblioteket inviterer til foredrag med Camara Lundestad Joof. Med boka "Eg snakkar om det heile tida" dokumenterer Joof opplevd rasisme i Sandefjord, Oslo og andre byar i Norden og Europa. I foredraget tek forfattaren for seg korleis ein kan fortelje om og reflektere over slike opplevingar på ein essayistisk måte, for å få lesaren med på laget.  


06 Nov

Praktisk informasjon

  • Dato: 6. november 2019
  • Tid: kl. 12.15 - 13.00
  • Sted: Campus Vestfold, Biblioteket, 2. etg.

Camara Lundestad Joof er rådgjevar for Kulturrådet. Dette foredraget har ho reist med i regi av Den kulturelle skolesekken. Foredraget passar også godt for ungdom.

Camara Lundestad Joof (f. 1988) debuterte som forfattar i Samlagets essay- og dokumentarserie Norsk røyndom med ei lita bok som vart ein stor suksess. Boka Eg snakkar om det heile tida dokumenterer opplevd rasisme i Sandefjord, Oslo og andre byar i Norden og Europa. I foredraget tek forfattaren sin for seg korleis ein kan fortelje om og reflektere over slike opplevingar på ein essayistisk måte for å få lesaren med på laget.