Kvar kan du lagre forskingsdataa dine?

Innhaldet i dine forskingsdata og korleis dataa har blitt behandla avgjer kvar du kan arkivere dei.


Før du vel eit egna arkiv bør du tenke over om dataa dine inneheld

- Personopplysningar

- Særskilde kategoriar av personopplysningar (tidligare omtala som sensitive personopplysningar)

- Forretningshemmeligheiter

Dersom dine forskingsdata inneheld eit eller fleire av desse elementa, kan dei ikkje publiserast i USN Research Data Archive (USN RDA) før dei har blitt pseudonymisert. Pseudonymisering vil seie avidentifisering, anonymisering og andre tiltak for å gjere opplysningane anonyme og umoglege å knytte til ein namngitt person. Nokre forskingsdata vil ikkje kunne publiserast i USN RDA i det heile.

Treng du likevel å arkivere data har USN lokale områder for lagring og tilgang til data som inneheld personopplysningar og særskilde kategoriar personopplysningar. For utfyllende infomasjon, sjå IT-tjenesten ved USN. Dersom du ønsker eit meir fleksibelt system, er det tilrådd at prosjektet kjøper tilgang til TSD (sjå lenger nede på sida).

​USN Research Data Archive (USN RDA)

USN Research Data Archive er USN si tilrådde arkivløysing for forskingsdata. Her har du moglegheit til å samle og systematisere dine forskningsdata, lage eigne områder for prosjekt du deltar i og til å dele dine forskingsdata både ope og privat. Les meir om tekniske moglegheiter og korleis ein brukar USN Research Data Archive på informasjonssidene.

TSD (Tjenester for sensitive data)

TSD oppfyller lovas strengaste krav til oppbevaring av sensitive personopplysningar og tilbyr forskarar ein virtuell arbeidsplass for lagring, analyse og behandling av sensitive data. 

Prosjekt må finansiere TSD sjølv, men prosjekt med behov for HPC (High performance computing), eller datamengdar større enn 10TiB kan søkje Sigma2 om midlar til støtte.

Norsk senter for forskningsdata (NSD)

NSD kan hjelpe med spørsmål knytt til eigne forskingsdata. Som forskar lastar du opp data og får så tilsendt ein arkiveringsavtale. Når denne er signert og sendt tilbake til NSD vil datasettet bli klargjort og metadata vi bli publisert med eller utan datafilene, alt etter kva som er mogleg. Søk i publiserte datasett hos NSD.

Sensitive data

USNs prosjektområde for sensitive personopplysningar ligg på nettverksplasseringa "P: USN-research". Kontakt IT-tjenesta for informasjon og tilgang.

Personopplysningar som ikkje er av sensitiv art kan lagrast under nettverksplasseringa "L: USN-project".