Lagring og arkivering av forskingsdata.

For oppbevaring av forskingsdata skil vi mellom lagring og arkivering.


Du lagrar dataa dine når dei er «varme», dvs. under innsamling, behandling og analyse. Når prosjektet er avslutta og du har brukt dataa til det du treng, er tida inne for å ta vare på dei for ettertida, i form av arkivering. 

Før du vel korleis dine forskingsdata skal lagrast og etter kvart arkiverast, er det lurt å vurdere kva omsyn som er nødvendige å ta for dine data. I samband med denne vurderinga tilrår vi at du går gjennom USN sine guidar for klassifisering og lagring av informasjon. 

Klassifiseringsguiden gir hjelp i å vurdere om dine forskingsdata kan delast opent, internt, fortruleg eller strengt fortruleg.

Lagringsguiden gir oversikt over kva lagringsområder, både interne og eksterne, du kan nytte for å lagre og behandle forskingsdata, basert på klassifiseringsguidens ulike kategoriar.

Klassifisering- og lagringsguide for USN-tilsette finn du her

Klassifisering- og lagringsguide for USN-studentar finn du her

NB! Lagring og arkivering er eitt av fleire omsyn du må ta i løpet av livsløpet til dine forskingsdata. Ein datahandteringsplan hjelper deg og ditt prosjekt med å skaffe ei samla oversikt over heile databehandlingsprosessen i prosjektet. Ved å bruke ein slik plan er du føre var for fleire utfordringar som kan dukke opp. Sjå våre sider om datahandteringsplaner her.

 

Topp tre lagring- og arkvieringsløsingar ved USN:

​Arkiveringsløysing: USN Research Data Archive (USN RDA)

USN Research Data Archive er USN si tilrådde arkivløysing for forskingsdata. Her har du moglegheit til å samle og systematisere dine forskningsdata, lage eigne områder for prosjekt du deltar i og til å dele dine forskingsdata både ope og privat. Les meir om tekniske moglegheiter og korleis ein brukar USN Research Data Archive på informasjonssidene.

Behandlingsløysing: TSD (Tjenester for sensitive data)

TSD oppfyller lovas strengaste krav til oppbevaring av sensitive personopplysningar og tilbyr forskarar ein virtuell arbeidsplass for lagring, analyse og behandling av sensitive data. 

Prosjekt må finansiere TSD sjølv, men prosjekt med behov for HPC (High performance computing), eller datamengdar større enn 10TiB kan søkje Sigma2 om midlar til støtte.

Arkiveringsløysing: Norsk senter for forskningsdata (NSD)

NSD kan hjelpe med spørsmål knytt til eigne forskingsdata. Som forskar lastar du opp data og får så tilsendt ein arkiveringsavtale. Når denne er signert og sendt tilbake til NSD vil datasettet bli klargjort og metadata vi bli publisert med eller utan datafilene, alt etter kva som er mogleg. Søk i publiserte datasett hos NSD.

Sensitive data

USNs prosjektområde for sensitive personopplysningar ligg på nettverksplasseringa "P: USN-research". Kontakt IT-tjenesta for informasjon og tilgang.

Personopplysningar som ikkje er av sensitiv art kan lagrast under nettverksplasseringa "L: USN-project".