Norunn Askeland

Eg er professor i norsk og har skrive fleire bøker om språk.Den siste boka mi er frå 2019 og har tittelen "Metaforer. Hva, hvordan og hvorfor?". Med utgangspunkt i boka held eg foredrag om metaforar og tankemåtar.


Mine foredrag:

Er livet, kjærleiken og døden ei reise? Metaforar i ulike kulturar

Kva er ein metafor, og korleis kan kunnskapar om dette hjelpe oss til å forstå kvarandre på tvers av kulturar?

 

Metaforar om flyktningar og innvandrarar

Det finst ei mengd med metaforar om flyktningar og innvandrarar. Mange av dei er så innarbeidd i språket at vi knapt legg merke til dei, som t.d. straum og bølge. Kva slags metaforar er blitt vanlege å bruke i norsk om dette, og kva viser metaforane om måten vi tenkjer om dette spørsmålet på?

 

Korleis løyse klimakrisa? Kva metaforar fortel om måten vi tenkjer om klima på

Det er ein nær samanheng mellom metaforane vi bruker og måten vi tenkjer på. Dette er særleg tydelig i klima-spørsmålet. I foredraget vil eg gå inn på dei mest rådande metaforane og tenkjemåtane på feltet og vise kva som er konsekvensane av dei ulike metaforane.

Norunn Askeland

Professor

Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap
Institutt for språk og litteratur
Campus Vestfold

 

Kontakt

Interessert i et av disse foredragene?

Kontakt Norunn Askeland for å gjøre en avtale.