Kunnskap til lunsj: Kjartan Fløgstad

Litteraturuka i Vestfold, Master i faglitterær skriving og biblioteket inviterer til eit møte med forfattar Kjartan Fløgstad der han fortel om boka Trans-Sovjet Ekspress, ei reise gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar.


09 Nov

Praktisk informasjon

  • Dato: 9. november 2017
  • Tid: kl. 12.45 - 13.30
  • Sted: Campus Vestfold, Biblioteket, 2. etg.

I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen. I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn. Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust. «Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovud staden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.» Frå forordet Kjartan Fløgstad har skrive tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. 

Omtalen er utarbeidd av forlaget Vigmostad & Bjørke