Utlånstid er normalt 3 veker. Biblioteket tilbyr dagslån av pensumbøker. Lån blir automatisk fornya for deg dersom materialet ikkje har bestillingar eller er reservert for andre. For USNs studentar blir lån fornya inntil 6 månader, for ansatte inntil eitt år. Materiale merka som dagslån blir ikkje fornya.
Bøker som har nådd maksimal lånetid må leverast inn før dei eventuelt kan lånast på nytt.
For å få ein oversikt over kva du har lånt og kva for datoar som gjeld, kan du logge på Oria øvst i høgre hjørne.
Når du er innlogga klikkar du på namnet ditt og deretter Min konto.