Fornye lån?

Fornye lån?

Utlånstid er normalt 3 veker. Biblioteket tilbyr dagslån av pensumbøker. Lån blir automatisk fornya for deg dersom materialet ikkje har bestillingar eller er reservert for andre. For USN sine studentar blir lån fornya inntil 6 månader, for ansatte inntil eitt år. Materiale merka som dagslån blir ikkje fornya.

Bøker som har nådd maksimal lånetid må leverast inn før dei eventuelt kan lånast på nytt.

For å få ein oversikt over kva du har lånt og kva for datoar som gjeld, kan du logge på Oria øvst i høgre hjørne.

Når du er innlogga klikkar du på namnet ditt og deretter Min konto.

Hjelp

Har du spørsmål om lån? Kontakt oss! Se også våre lånereglar.

Levera tilbake?

  • Bruk automatane eller bibliotekets returboks.
  • Kan du ikkje levera ved ditt campus - levér ved eit anna USN-bibliotek.
  • Du kan også sende det du skal levera i posten, eller henvende deg til næraste UH-bibliotek eller folkebibliotek. Dei er ofte behjelpelege med å videresende bøker du har lånt fra oss.
    NB! Lån blir registrert som returnert først når materialet er fysisk komme til USN.