Skriftserien ved Universitetet i Søraust-Noreg

Skriftserien ved Universitetet i Søraust-Noreg skal synleggjera FoU-verksemda til universitetet og stimulera den enkelte fagtilsette til å dokumentera det faglege arbeidet sitt. Skriftserien er eit supplement til det fagtilsette ved universitetet publiserer på nasjonale og internasjonale forlag og i fagtidsskrift.

Skriftserien omfattar:

  • Faglege arbeider som er gjennomarbeidde og avslutta med tanke på innhald, språk, struktur, korrektur, etc.
  • Mindre arbeider av original karakter. I enkelte tilfelle kan arbeida ha ein "uferdig", prøvande eller utprøvande karakter, i andre tilfelle kan det dreia seg om avslutta dokument på eit høgt nivå.
  • Originalt eigenprodusert fagstoff til bruk på studietilbod der det er dårleg tilgang på arbeidshefte og pensumbøker.

Døme på kva som blir publisert i Skriftserien:

  • Rapportar frå prosjekt
  • Rapportar frå delar eller eit stadium i eit prosjekt
  • Rapportar frå konferansar, seminar osb.
  • Foredrag, artiklar, artikkelsamlingar, essays osb.

Skriftserien blir berre publisert på nett i det opne kunnskapsarkivet til universitetet.

NB! Stoff som er kopiert og samla frå fleire publiserte kjelder, blir ikkje gitt ut i skriftserien.

Retningslinjer

  • Forfatteren av kvart enkelt skrift står ansvarleg for innhaldet.
  • Forfattaren står fritt til å arbeida vidare med stoff gitt ut i skriftserien og til å inngå avtale med eit kommersielt forlag eller tidsskrift om utgiving.
  • Universitetsbiblioteket har det operasjonelle ansvaret for skriftserien. Det redaksjonelle ansvaret ligg hos FoU-utvalet.
  • Universitetsbiblioteket vil gjer arbeida i skriftserien ISSN/ ISBN og publikasjonsnummer.
  • Publikasjonar i Skriftserien skal ha eit einsarta oppsett.

Forfattar(e) som vil publisere eit arbeid leverer:

  • Manuskript på fil. Manuskriptet må følgje dei fastsette formkrava. 
  • Send manuskript og evt bilete eller illustrasjonar til ein av kontaktpersonane for skriftserien, se infoboks.

Kontaktpersonar for publisering:

Kristin Østerholt
Arild Skalmeraas
OBS: berekn behandlingstid på ca ei veke.

Utgivelser:

Skriftserien fra Universitetet i Søraust-Noreg

Avslutta skriftserier frå HiBu, HiT og HiVe