Internasjonale databasar
Det er alt fleire etablerte, internasjonale databasar, der ein kan søke etter og arkivere forskingsdata. Blant desse finst det basar som er opne for alle fagområder, og dei som er meir fagspesifikke. Nedanfor er eit eksempel på begge typar.
PANGAEA – Stor base for forskingsdata innan Earth & Environmental Sciences. Alle forskarar innan desse felta kan publisere sine data her.
Zenodo – Tverrfagleg, internasjonal database. Tek i mot forskingsdata frå heile verda og alle disiplinar. Mogleg å lage arbeidsgrupper osv. Inneheld også forskingspublikasjonar. Her kan du lese teknisk informasjon.
Metadatabaser
Mange forskingsdatarkiv lar sine metadata bli hausta av reine metadataarkiv. Slike arkiv kan vere nyttige, både for å finne konkrete forskingsdata, men også for å identifisere interessante arkiv innan forskjellige fagområde.
Re3Data – Stort metaregister over ulike forskingsdataarkiv. Det er mellom anna mogleg å søke etter arkiv ut i frå land og forskingsområde. Samlar metadata om alt frå store internasjonale arkiv, til mindre institusjonelle arkiv.
Google Dataset Search Googles søkemotor for å finne åpen tilgjengeleg forskningsdata: NB! Betaversjon.
DataCite – Haustar metadata om forskingsdata frå internasjonale arkiv, inkludert Figshare.
OpenAire – Haustar metadata om forskingspublikasjonar og forskingsdata frå fleire ulike arkiv.
Base (Bielefeld Academic Search Engine) - Ledande søkemotor innen akademiske ressursar. Haustar datasett frå heile verda, også USN RDA.