Bestill ein bibliotekar - Rauland

Treng du ekstra rettleiing i søk, kan du avtale tid med bibliotekar

«Bestill ein bibliotekar» er ei teneste som tilbyr meir omfattande rettleiing i databasesøk. Tenesta er eit tilbod for tilsette og studentar ved Universitetet i Sørøst-Norge. Har du mindre spørsmål er det sjølvsagt berre å kome innom biblioteket eller sende ein e-post. «Bestill ein bibliotekar» kan ikkje nyttast under heimeeksamen.

«Bestill ein bibliotekar» erstattar ikkje deltaking i undervisning.

Du kan velge om du vil møtast fysisk eller på nett. Rettleiingstida er satt til 45 minutter. For at vi skal kunne gi deg best mogleg rettleiing blir du bedt om å skildre temaet ditt og kva du har gjort til no.

Planlegg i god tid.

OBS! Undersøk spamfilter om du ikkje har motteke svar innan to vyrkedagar.

Bestill rettleiing

 

 

Chat

Måndag-torsdag kl. 10-14

Har du sett kurskalendaren?

Universitetsbiblioteket tilbyr også nettkurs for alle USN-studentar i tema som referansebruk og Zotero. Sjå kurskalendaren og meld deg på.

Treng du hjelp med oppgåveskriving?

USN har eit akademisk skrivesenter for studentar. Der kan du bestille time og få ein-til-ein rettleiing.