Lånereglar ved universitetsbiblioteket

Låneregler

Biblioteket skal primært dekke behova for bibliotektenester til studentar og tilsette ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Lånekort

  • Studentar nyttar studentkortet sitt eller appen Studentbevis som lånekort ved universitetsbiblioteket.
  • Tilsette kan nytte tilsettkort eller nasjonalt lånekort.

Lånereglar

  • Lånar er ansvarleg for at biblioteket til ei kvar tid har korrekte opplysingar om bustadadresse, e-postadresse og telefonnummer.
  • Deltids- og nettstudentar som ikkje bur i nærleiken av ein USN-campus kan avtale sending av materiale med campusbiblioteket sitt. Universitetsbiblioteket sender berre bøker innanfor Norden. Retur av bøker skjer på eigen kostnad og straks etter innkalling.
  • Vi ber om at du henter materiale på campus viss du har jamnleg undervisnig eller fammøte der.
  • Lånar er personleg ansvarleg for lånt materiale, og for å levere innan utløpet av lånetida. Tap eller skade må meldast til biblioteket.

Utlånstid

  • Utlånstida er normalt tre veker. Biblioteket tilbyr dagslån av pensumbøker. Lån blir automatisk fornya dersom materialet ikkje er reservert for andre. For studentar blir lån fornya i inntil seks månader, for tilsette inntil eit år.

Levere tilbake?

  • Bruk automatane eller returboksen til biblioteket.
  • Du kan også levere ved andre USN-bibliotek enn ditt eige. 
  • Om du ikkje er i nærleiken av ein USN-campus kan du sende i posten eller kontakte ditt næraste UH-bibliotek eller folkebibliotek. Desse er ofte behjelpelege med å vidaresende bøker du har lånt frå oss. NB! Lån blir registrert som returnert først når materialet fysisk har komme til USN. Finn postadresse til campusbiblioteket ditt.

Purringar og erstatningskrav

  • Purringar og erstatningskrav blir sendt via e-post og sms. Låntakar vil få eit erstatningskrav på minimum 750 kr pr. lån som ikkje er levert innan fristen. Ta kontakt med biblioteket ditt viss det du har lånt er tapt eller øydelagd. I slike tilfelle kan ein alternativt kjøpe eit erstatningseksemplar og levere dette til biblioteket.
  • Lånar har ikkje lånerettar ved biblioteket før materialet er levert inn eller erstatta.
  • Erstatningseksemplar eller innbetalte erstatningsbeløp blir ikkje refunderte om materialet blir funnen att.

Eksterne

  • Eksterne brukarar kan få lånekort mot legitimering. Studentar ved andre utdanningsinstitusjonar enn USN kan nytte studentkortet sitt til å låne med. Enkeltpersonar utanfor universitetet kan låne frå dei fleste av samlingane til biblioteket og nytte samlingar og elektroniske tenester på staden.
  • Institusjonar kan inngå avtale om kjøp av bibliotektenester.

Spørsmål?