Nett- og samlingsbaserte studentar

Studenter utenfor campus Vestfold

På denne sida finst nyttig informasjon for deg som er nett- eller samlingsbasert student.

Generell informasjon finn du via nettsida til biblioteket. Du er alltid velkommen til å besøkja biblioteket når du er på samling.

Rettleiingar

Heimsending

Vi kan sende bøker heim til deg eller til næraste bibliotek (praksis for heimsending varierer i campusbiblioteka). Ta kontakt med  campusbibliotek ditt for å høyra kva som er praksis der. Dersom du skal få bøker tilsendt til næraste bibliotek, er det fint om du på førehand avtaler med ønska bibliotek om henting av bøker der. Viss ditt næraste bibliotek ønskjer at Universitetsbiblioteket skal ta kontakt, gi oss beskjed, så forsøker vi å oppretta ein henteavtale. Universitetsbiblioteket sender berre bøker innanfor Norden.

USN Universitetsbiblioteket sine eigne bøker vil normalt kome fram rundt sju dagar etter at dei er bestilte. Innlånte bøker eller artikkelkopiar frå andre bibliotek vil ta lengre tid. Lån og sending av bøker og artikkelkopiar er gratis. Artikkelkopiar skal ikkje returnerast. Retur av bøker sørgjer du for sjølv, anten via posten, eller ved å spørja næraste bibliotek om dei kan returnera for deg - gratis. Boka er registrert som utlånt fram til ho har kome tilbake til Universitetsbiblioteket.