Bibliotektenester USN Hallingdal
Her er nyttig informasjon om bibliotektilbodet for deg som er USN-student i Hallingdal.
Du kan ha rett på å få bøker heimsendt om du bur langt unna. E-bøker har du direkte tilgang til ved å logge deg på bibliotekkatalogen Oria. Meir om universitetsbiblioteket finn du på biblioteksida. Du er alltid velkomen til å vitje og bruke våre campusbibliotek!
Slik gjer du det:
-
Slik får du tak i bøkene og anna bestilt materiale:
- Heimsending: Vi kan sende bøker heim til deg viss du bur meir enn 30 kilometer frå eit av campusbiblioteka. NB! Når du bestiller lån eller artiklar i bibliotekkatalogen Oria for heimsending, så vel du hentestad Hønefoss, og opplyser samstundes i kommentarfeltet om at du ynskjer heimsending! USN sine bøker er normalt framme rundt sju dagar etter at dei er bestilte. Innlånte bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek kan ta lengre tid. Nokre kopiar vil du raskt få på epost (varierer mellom leverandørane). Lån og eventuell heimsending er gratis for deg.
- Henting på campus: Bur du mindre enn 30 kilometer frå eit USN campus, ber vi om at du hentar sjølv. Skriv kva for campus du vil hente bøker og artikkelkopiar på i kommentarfeltet i Oria.
-
Retur av bibliotekmateriale:
- Artikkelkopiar skal ikkje returnerast. Bøker kan du levere i boksen på Campus Hallingdal, eller hjå eit av dei andre USN-campusane. Du kan óg sende dei med vanleg post, eller be næraste bibliotek om å returnera dei for deg - gratis. Hugs at boka er registrert som lånt til deg fram til ho har kome attende til universitetsbiblioteket. Sjå lånereglane for vilkår og lånefristar.
Andre nyttige ressursar