Rauland

Biblioteket Rauland

Biblioteket på Rauland ligg i Vinje kommune med vakker natur og rike tradisjonar innan folkekunst og folkemusikk, midt mellom Oslo og Bergen.

Kunnskap og rettleiing

Biblioteket kan brukast av alle, også av personar som ikkje er studentar ved universitetet eller ved ein annan norsk høgskule/universitet. For desse er det mogleg å låne materiale med Nasjonalt lånekort.

I biblioteket finn du mellom anna bøker, tidsskrift, oppslagsverk, DVD-ar, CD-ar, masteroppgåver. Biblioteket har også ei eiga hylle med pensumlitteratur til dagslån.

Biblioteket har ein eigen lyttekrok.

For mindre spørsmål er det berre å kome innom. Ønskjer ein meir omfattande rettleiing – til dømes i litteratursøk, bruk av databasar og Zotero  – bør ein på førehand avtale tid med bibliotekaren. Dette tilbodet gjeld for alle studentar og tilsette.

Klasseundervisning frå biblioteket vert som regel halde for einskilde klassar/klassetrinn etter avtale med faglærar. Det blir også halde oppfriskingskurs utanom dette, der alle som ønskjer kan kome.

Meirope bibliotek

Biblioteket på Rauland er meirope. Det vil seie at studentar og tilsette har tilgang til biblioteket utanom dei bemanna opningstidene. Utlån skjer via utlånsautomaten. Til dette treng ein studentkortet sitt. På automaten kan ein også få oversikt over låna sine og fornye desse.

Studentar og tilsette kan gjerne kome med innkjøpsønskjer. Desse kan ein levere i skranken, eller ved å sende ein e-post til biblioteket: bibl.rau@usn.no