Kjeldebruk

Person sitter foran PC og ser inn i kamera

Når du skriv ein vitskapleg tekst eller ei oppgåve er teksten alltid basert på kunnskap frå ulike kjelder. Hensikta med riktig kjeldebruk er at andre som les teksten skal kunne finne tilbake til kjeldene og mellom anna kunne etterprøve funna dine.

Korrekt sitering sørgjer for å gi teksten din akademisk integritet og viser at du har god oversikt over fagstoffet, og er med på å auka truverdet ved teksten. Kjeldene dine er dermed med på å leggja grunnlaget for korleis teksten din blir lesen og forstått.

Når må du oppgi kjelder? 

Både eksamensreglementetdei forskingsetiske normene og åndsverklova krev at vi følgjer god tilvisingsteknikk ved å oppgi alle kjeldene vi bruker i ein vitskapleg tekst.  

  • Kvar gong du skriv om saker som ikkje byggjer på dine eigne funn, erfaringar eller resonnement, må du oppgi kjeldene både som sitering i tekst og i litteraturlista.  
  • Det er viktig å vere klar over at reglane gjeld både for vitskaplege og ikkje-vitskaplege kjelder. Kjeldene du viser til kan vera idéar, argument, faktamateriale, resultat og konklusjonar, dei kan vere gitt i form av publikasjonar gjennom tradisjonelle forlag og tidsskrift, upublisert materiale som f.eks. studentarbeid eller dei kan vera henta frå websider og sosiale medium.  
  • Ver òg klar over at reglane er strengare for bruk av figurar, tabellar, lyd- og biletmateriale.   

Bruk av kjelder i teksten (sitat) 

Kvar gong du viser til ei kjelde skal dette kome til syne i teksten din i form av ei kjeldetilvising. Det kan vere ulike måtar dette blir markert i teksten. Her viser vi nokre eksempel på tilvising i tekst som følgjer referansestilen APA 7: 

  • Direkte, ved å bruke ordrette sitat, blir markert med hermeteikn og bør òg inkludere sidetal. Eksempel: "Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den" (Hamsun, 1968, s. 7). 
  • Indirekte, ved å skrive med eigne ord noko du har lese i ein fagtekst (parafrasering). Eksempel: Romanen Sult startar med at hovudpersonen går sulten rundt i Kristiania (Hamsun, 1968, s. 7).

Nokre metodar nyttar ein numerisk stil og andre som her, ein namn-og dato-stil. Felles for alle stilane er at dei viser til namn på forfattar, publiseringsår og eventuelt sidetal. I litteraturlista skal kjeldetilvisinga hentast opp igjen, der du skriv meir utfyllande informasjon om kjeldene. Dette er fordi at den som les teksten enkelt skal kunne finna fram til kvar du har henta opplysningane frå. 

Du kan lese meir og sjå fleire eksempel på korleis direkte og indirekte sitat skal sjå ut her på Søk & Skriv sine sider. 

Plagiering 

Dersom du ikkje har referert til kjeldene dine i teksten kan du bli tatt for plagiering, noko som inneber brot på opphavsretten og den forskingsetiske norma om god tilvisingsskikk. Du kan dermed få problem både dersom du er forskar og om du er student. Les meir om plagiering her

Referansestilar 

Det finns ulike referansestilar for korleis ein formar ut referansane i teksten og litteraturlista. Ofte får du beskjed om kva for ein stil du skal bruke frå lærar eller i oppgåveteksten. Dersom du skal sende inn teksten til publisering i eit tidsskrift bruker tidsskriftet å oppgje kva for ein referansestil du skal nytte. Det er viktig at du følgjer den valde stilen konsekvent gjennom heile teksten. Dette arbeidet kan forenklast ved å bruke eit referanseverktøy, som du kan lese meir om her.

Nettsider som forklarar referering av kjelder

Nettsider spesielt for forskarar

  • COPE: Tek føre seg etikk rundt publisering og forsking.

Eit utvalg av ofte brukte referansestiler

Siteringsfunksjonen i Oria

Vel ikonet " (sitér) på høgre side i trefflista i Oria. Funksjonen finst også under Send til. Kopiér referansen (ikkje til utklippstavle) og sett den inn i eit tekstdokument. Ver medvite på stilen du vel (f.eks. APA eller Harvard), og kontroller referansens kvalitet og oppsett før du bruker den.

Kurs og opplæring

Treng du å læra meir om kjeldebruk anbefaler vi å sjekke kurskalenderen vår, som du finn her.

Universitetsbiblioteket kan også påta seg kursoppdrag for forskarar og tilsette i kjeldebruk – ta kontakt med ditt campusbibliotek for å lage ein avtale.