Korrekt sitering sørgjer for å gi teksten din akademisk integritet, viser at du har god oversikt over fagstoffet, og er med på å auka truverdet ved teksten. Kjeldene dine er dermed med på å leggja grunnlaget for korleis teksten din blir lesen og forstått.
I litteraturlista skal kjeldetilvisinga hentast opp igjen, der du skriv meir utfyllande informasjon om kjeldene. Den som les teksten skal enkelt kunne finne fram til kvar du har henta opplysningane frå.
Når må du oppgi kjelder?
Både eksamensreglementet, dei forskingsetiske normene og åndsverklova krev at vi følgjer god tilvisingsteknikk ved å oppgi alle kjeldene vi bruker i ein vitskapleg tekst.
Kvar gong du skriv om saker som ikkje byggjer på dine eigne funn, erfaringar eller resonnement, må du oppgi kjeldene både som sitering i tekst og i litteraturlista. Kildekompasset og Søk & Skriv har begge eksempler på korleis dette skal gjerast med direkte og indirekte sitat.
Det er viktig å vere klar over at reglane gjeld både for vitskaplege og ikkje-vitskaplege kjelder. Kjeldene du viser til kan vera idéar, argument, faktamateriale, resultat og konklusjonar, dei kan vere gitt i form av publikasjonar gjennom tradisjonelle forlag og tidsskrift, upublisert materiale som f.eks. studentarbeid eller dei kan vera henta frå websider og sosiale medium.
Ver òg klar over at reglane er strengare for bruk av figurar, tabellar, lyd- og biletmateriale.
Plagiering
Dersom du ikkje har referert til kjeldene du har brukt i teksten din kan du bli tatt for plagiering. God tilvisningsskikk inneber at man respekterer opphavsretten og forskningsetiske normer - dette gjeld både forskarar og studentar. Universitetsbibliotekets sider om plagiering inneheld meir utfyllande informasjon.
Referansestilar
Det finns ulike referansestilar for korleis ein formar ut referansane i teksten og litteraturlista. Ofte får du beskjed om kva for ein stil du skal bruke frå lærar eller i oppgåveteksten. Dersom du skal sende inn teksten til publisering i eit tidsskrift bruker tidsskriftet å oppgje kva for ein referansestil du skal nytte. Det er viktig at du følgjer den valde stilen konsekvent gjennom heile teksten. Du kan velje mellom å leggje inn referansane i teksten manuelt, eller forenkle arbeidet ved å bruke eit referansehandteringsverktøy.
Nettsider som forklarar referering av kjelder
- Kildekompasset: Eksempler på referering av ulike kjelder og korleis du sett opp ei litteratur-/referanseliste. Utvikla av USN, UiA og UiS.
- Søk & Skriv: Korleis skal ein referere? Utvikla av HVL, NHH, UiB og UiS.
- NTNU: Bruke og referere til kjelder. Hjelp til mellom anna informasjonssøking og oppgåveskriving. Utvikla av NTNU.
Nettsider spesielt for forskarar
- COPE: Tek føre seg etikk rundt publisering og forsking.
