Biblioteket Bø
I Bø finn du USN-biblioteket inn hovudinngangen og inn til venstra, i fløy 4, vis a vis det store auditoriet A.O Vinje. Lokala vart pussa opp og bygget om sommaren 2016.
Kunnskap og rettleiing
Biblioteket er ope for alle. Bøker, tidsskrift og DVD-ar er tilgjengeleg for alle besøkjande og kan lånast med heim. På dagtid kan besøkjande få hjelp av bibliotekarar i bruk av tenestene til biblioteket og etter vanleg kontortid er biblioteket betent av studentvakter. Etter kl. 18 er biblioteket meirope, det vil si at du kjem inn med studentkort eller tilsettkort og kan låna bøker og tidsskrift på utlånsautomatane.
Møteplass
Biblioteket er eit av dei mest besøkte stadene på studiestaden. Her kan du treffa andre studentar, jobba med studiene, driva med gruppearbeid eller ta ein pause med dagens aviser og tidsskrift.
Pensum
Biblioteket har eitt eller fleire eksemplar av alle pensumbøker. Desse kan lånast, men vil som regel vera populære. Du kan derfor ikkje basera deg på å låna alle pensumbøker på biblioteket.
Arbeidsplassar
Biblioteket har 62 arbeidsplassar fordelte på grupperom og bord med plass til fire personar. Biblioteket er sjeldan heilt stille, men det er likevel fint å ta omsyn til at andre sit og jobbar. Inst i lokalet har me 24 leseplassar for dei som vil jobba i endå litt rolegare omgivnader.
Kurs og undervisning
Biblioteket held gjerne kurs i kjeldekritikk, litteratursøk eller EndNote/Zotero. Ta kontakt med oss eller faglæraren din for eit tilpassa kurs.
Bestill ein bibliotekar
Me svarer på alle forespurnadene me får i skranken, på telefon, på e-post eller sosiale medier. Ønskjer du ei utvida rettleiing i litteratursøk, bruk av referanseverktøy eller andre bibliotektenester - avtal gjerne tid med ein bibliotekar her. Tenesten blir tilboden alle studentar og tilsette ved USN.
Datamaskiner
Me har 11 stasjonære PC-ar til bruk for studentar og tilsette. Logg på med Feide-ID, altså det brukarnamnet og passordet du også bruker i Canvas. På desse får du tilgang til skriver og dine heimeområder på USN-nettet. Alle PC-ar har Office-pakken. Du kan også skriva ut frå eigen PC, og på datalabene forbi Hustrykkeriet i 1. etasje og på vei mot IT-vakten.
Me har også to søkjestasjonar som ikkje krev innlogging. Her kan du enkelt søkje i søkjetenesta vår Oria og finna ut kva plassering boka du er ute etter har på hylla. All faglitteratur er sortert etter Dewey-systemet og skjønnlitteratur etter forfattar. Spør gjerne om opplæring.
Obs! Denne PC-en gir ikkje tilgang til skrivar, heimeområde eller lagring av filer.
IT-hjelp
Har du IT-spørsmål eller treng hjelp med pålogging/passord kan du henvende deg til IT-vakta, som du finn i gangen vil venstre forbi Hustrykkeriet i 1. etasje.
Utskrift, kopiering og scanning
Du kan skriva ut, kopiere og scanne. Du må vera innlogga med ditt USN-brukarnamn og passord. For meir informasjon om utskrift etc., logg deg på min.usn.no/.