Skriftserien omfattar:
- Faglege arbeider som er gjennomarbeidde og avslutta med tanke på innhald, språk, struktur, korrektur, etc.
- Mindre arbeider av original karakter. I enkelte tilfelle kan arbeida ha ein "uferdig", prøvande eller utprøvande karakter, i andre tilfelle kan det dreia seg om avslutta dokument på eit høgt nivå.
- Originalt eigenprodusert fagstoff til bruk på studietilbod der det er dårleg tilgang på arbeidshefte og pensumbøker.
Døme på kva som blir publisert i Skriftserien:
- Rapportar frå prosjekt
- Rapportar frå delar eller eit stadium i eit prosjekt
- Rapportar frå konferansar, seminar osb.
- Foredrag, artiklar, artikkelsamlingar, essays osb.
Skriftserien blir berre publisert på nett i det opne kunnskapsarkivet til universitetet.
NB! Stoff som er kopiert og samla frå fleire publiserte kjelder, blir ikkje gitt ut i skriftserien.
Retningslinjer
- Forfatteren av kvart enkelt skrift står ansvarleg for innhaldet.
- Forfattaren står fritt til å arbeida vidare med stoff gitt ut i skriftserien og til å inngå avtale med eit kommersielt forlag eller tidsskrift om utgiving.
- Universitetsbiblioteket har det operasjonelle ansvaret for skriftserien. Det redaksjonelle ansvaret ligg hos FoU-utvalet.
- Universitetsbiblioteket vil gjer arbeida i skriftserien ISSN/ ISBN og publikasjonsnummer.
- Publikasjonar i Skriftserien skal ha eit einsarta oppsett.
Forfattar(e) som vil publisere eit arbeid leverer:
- Manuskript på fil. Manuskriptet må følgje dei fastsette formkrava.
- Send manuskript og evt bilete eller illustrasjonar til ein av kontaktpersonane for skriftserien, se infoboks.